Tradisjonell jonsokfeiring

Tradisjonen tru blei det arrangert Jonsokfeiring i Skiftustranda. Været er ikkje heilt på vår side for tida….(kor e solå?), og litt kald vind og småregn i lufta gjorde kanskje sitt til at det ikkje var deltakarrekord i år. Men koseleg blei det likevel !!

 

 

Det var rigga til grill, og mange gode rettar blei til over glørne……siste nytt på grillfronten på Jøsneset: grilla surkål !! Joda: posen rett på grillen; og vips så har du heit surkål til pølsaWink Og tradisjonar må haldast på slike dagar: så det blei sjølvsagt òg krabbefangstkonkurranse, is til alle barn, bading med full påkledning og ikkje minst tautrekking.

I år var laginndelinga i tautrekkingkonkurransen aldersbestemt. Etter store, lange og filosofiske diskusjonar om kor den magiske alderdomsgrensa burde gå; ved 35? 40? eller 41?, blei omsider laga fordelt. Ved første forsøk vant «ungdommane» elegant. Dette resulterte i ny fundering på aldersfordelinga, og ny lagoppstilling blei organisert. Og vips: så medførte det at «oldingane» vant.   Twist blei det difor til alle, for alle var jo vinnararKiss

Her er «ungdommane» i aksjon….

….og her er dei nyorganiserte «oldingane»….vel, vel…de ser både unge og spreke ut, sikkert difor dei vant siste trekk.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.