Jøsnesposten i rute !!

Elevane på storskulen på Jøsneset er i rute med produksjon av årets høgdepunkt: JØSNESPOSTEN. Arbeidet var godt i gong før påske, og etter den fantastiske påskeferien dei har hatt, er sikkert skrivelysten enda høgare enn før.

JØSNESPOSTEN er blitt eit årvisst vårteikn på Jøsneset: nå produserast den for 28. gong!!!

Rektor Rasin og lærar Tor Olav fortel om ivrige elevar med eit breitt spekter av lokalstoff. Det blir portrettintervju, 5 på vegen, mai-krim og nyheitstoff frå bygda……ja, og så sjølvsagt den populære spalta «SMÅNYTT»  Har de noko nytt å melde om, så send det over til storskuleelevane via rasin.tjeltveit@hjelmeland.kommune.no

Når avisa er ferdig produsert, vil elevane går rundt på husa til folk i bygda og selgje den…..og elles blir den nok å få kjøpt på MIXn på Nesvik.

Me gledar oss til årets utgåve av JØSNESPOSTEN !!


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.