Jøsneset Ungdomslag hadde årsmøte laurdag 26.mars. Igjen var det desverre dårleg frammøte – kun 2 stk utanom styret.
Men årsmøtet blei avhalde, og det blir nå fleire «nye kostar» i styret.
Joar Rosså, Torstein Rødde, Sigbjørn Nesvik er den mannsterke gjengen som går inn som nye i styret, i tillegg til Sven Westersjø og Maria Brandal som fortset vidare. Ettersom ingen av dei nyvalde kandidatane var på årsmøtet, fann ein det vanskeleg å velje leiar. På årsmøtet blei det derimot vedtatt at styret vel leiar sjølv på første konstituerande styremøte. Dette blir kunngjort seinare.
Når det gjeld JUL sitt bidrag her på josneset.no, så melde Svanhild H Gbada seg frivillig til å fortesetje som JUL sin «nett-arbeidar». Dette blei vedtatt på årsmøtet.
Årsmøtereferatet kan du lese HER.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.