Curling = GØY

 

Sist søndag inviterte Jøsneset Ungdomslag jøsnesbuane til curlingbanane i Sørmarka Areana. 12 stk fekk prøve seg på 2 banar i 2 timar – og dette ga meirsmak for dette var gøy !!!

I den nye ishallen i Stavanger er det topp curlingbanar med instruktørar. Her fekk me rettleiing i både teknikk og reglar, og så var det berre å la steinen suse over isen. Eller berre og berre, fru Blom!  Jammen var dette presisjonsidrett og jammen var det vanskeleg å berekne avstanden til boet.

Me var 3 på kvart lag og deremed fekk alle prøve å «sette steinen» mange gonger. Det blei stor spenning når poenga fordelte seg litt på det eine og litt på det andre laget.  Og travelt blei det òg jammen, for ein skulle skifte posisjon på laget undervegs i kvar omgang: sette steinen, koste og være skip (styre laget).   Joda: me kosta og kosta,  og me curla steinen, og me guarda og klarte take-out. Om strategien alltid slo an er vel litt tvilsomt: det var kanskje like mykje flaks når steinen virkeleg hamna der den skulleWink

Me fekk erfare at curling er ein morsom og spennande lagidrett der alle hadde nokså like forutsetingar til godt spel. Gøy teknikk og spennande poengrundar.
Me røper ingen resultat – alle var gode, men nokon var best !!
(og dei som var med vett kem det varWink)

Me håper på ein neste gong – for dette var gøy !!Laughing

 

Alle foto: Lene Hjorteland


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.