JUL har booka curlingbanar til sønd 13 mars. Men det er stor rift om banane, så me MÅ ha påmelding innan fredag 25.02!! Kom an folkens – dette blir gøy!
Curling-meisterskapet i fjor må vel seiast var ein suksess. I minus 10 og beinkald nordavind kjempa 10-12 påmeldte lag i knivskarp konkurranse med himalaga curling»steinar» på himalaga bane. Likevel blei culingsporten utøvd med stort engasjement og enorm kampånd.
13. mars er det klart for nytt JM i CURLING, og me avanserer stort i forhold til bane, utstyr og coaching:
SØRMARKA ARENA er den nye ishallen i Stavanger, og der er det orntlig, proffe curlingbanar, med eigne instruktørar på kjøpet.
La oss forlata bøgdå nokre timar og reisa i samla tropp te byn, med eller uten rutete pyjamasbukser, og bli med å kjempe om poenga i boet.
Dette blir gøy……og etterpå tar me oss ein matbit i lag
Les alt om arrangementet HER
Påmelding til Anne innan 25.02. på tlf 41 63 10 14
NB: det er stor rift om banane, difor MÅÅ me ha bindande påmelding innan den datoen.
Arr: Jøsneset Ungdomslag. Spørsmål? ungdomslaget@josneset.no. el ring Anne.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.