Bygdetreff for alle på Jøsneset 12 feb

Det er Jøsneset Bygdaråd, Jøsneset Helselag og Jøsneset Ungdomslag som i fellesskap innbyr heile bygda, store og små, unge og gamle til triveleg bygdetreff i lag.

Bygda har hatt ganske god vekst i det siste, ikkje minst sist år med 10 nyinnflytterar. Me er veldig glade for alle som flytter til Jøsneset, og dette er det grunn til å feire.  Så nyinnflyttarane frå dei siste fem åra er særskild velkomne til eit koseleg treff i lag med meir «innbarka» fastbuande.

Det blir presentasjon av bygda og dei frivillige laga, samt sang v/ KorLøye og lett underhaldning.
Sjølvsagt set me av god tid til det viktigaste av alt: MAT OG PRATSmile.

Det blir servert deilig kveldsmat til heile hurven denne laurdags-kveldinga. Alt gratisWink

Og NB NB:
har du lyst på ein gratis, guida sight-seeingtur Jøsneset rundt før bygdetreffen, så møt opp v/ brannstasjonen kl 16.00.
Då står Jostein klar med skulebussen og tar ein runde frå grend til grend. Kan jo vere greitt å vite kor alle burLaughing….og koss fint skulebarna har det til dagleg undervegs langs vegane i bussen.

Det blir sendt ut invitasjon til alle postkassar på Jøsneset; denne ser du HER.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.