Jøsneset: 12 i pluss

I 2010 har det, etter kva «redaksjonen» har klart å telje, vore ei auke på heile 12 personar på Jøsneset! Pluss 3 stk som bur midlertidig i Nesvik. Dette er ei svært positiv utvikling, og vi håpar at det betyr at vi får ein oppsving att, der fleire vel å «flytte heim» eller at det kjem folk flyttande utanfrå.

Vi har i år talt to nyfødde, tre døde og 11 tilflytta. Dersom det er nokon me ikkje veit om, så håper vi de tipsar oss om det!

Kevin Foss og Robin Angelica Bog Bouzane er født i år. Velkommen til verda til desse!

Klara Hagen, Jan Tednes og Jenny Tjeltveit er døde i år, fred vere med dei.

Inge Knutsvik og Eli Fossmark. Knut, Paula, Karsten og Oddbjørn Foss. Eldbjørg ?. Alle desse 7 har flytt til Knutsvik-området. Unni Hansen med sambuar og dotter har flytta til Foss. Torstein Rødde har flytta him. «Redaksjonen» ynskjer adle desse hjerteleg velkomne til Jøsneset!

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.