24.10 Gode bidrag til TV-aksjonen

Det var Helga Havnerås, Berit Hjorteland og Terje Bremnes frå Bygdarådet som stilde som bøssebærarar for TV-aksjonen til Flyktninghjelpen i år.

Helga fortel at dei blei positivt mottatt og at seddel etter seddel blei putta på. Mange sat klar med pengane då dei ringde på, medan andre hadde hengt pengar klar i pose på døra til dei.

Svanhild Hjorteland sørga for å få pengene brakt over til Hjelmeland Sparebank for opptelling.
Det blir ikkje kunngjort kor mykje kvar enkelt bygd samlar inn, men kun kommuneoversikt.
Pr søndag kveld kl 23 er det mottatt kr 63 pr innbyggjar frå HjelmelandSmile. Det er ca dobbel så mykje som landsgjennomsnittet pr nordmann.

Kanskje du var ute då bøssebærarane kom: då kan du ringe 820 44 110 – så gir du kr 200 via din telefonrekning.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.