Jøsneset helselag minnar om årets toppturkonkurranse, hausten kan vere ei flott tid for fjelltur! De som allereie har vore med på Hardhausen får sjølvsagt godkjent dei toppane du var på då, i denne konkurransen og! Her er reglane:
TOPPTURKONKURRANSE 2010
Det blir toppturkonkurranse også i 2010! Dette til tross for at berre 7 turbøker vart levert inn i 2009. Dette meiner vi er alt for lite, og vi trur mange fleire hadde planar om å vere med på toppturkonkurransen som går i løpet av året! Dess fleire som går, dess finare vert og premien.. Skal du vere med så kjøper du ei turdagbok du noterar turane dine i, fås kjøpt på Naustet for 50 kr og leverer den inn til styret innan 01.12.2010. For å vere med i trekninga av årets toppturvinnar, skal du i løpet av 2010 vere innom desse toppane: Gunlanuten, Røssenibben, Valafjellet og Norda Høgaste. Trekning blir ca mars 2011, på årsmøtet til Jøsneset helselag. Løypene er merka med skilt og raud måling. Det er postkasse og turbok på toppane som du skriv namnet ditt i. Dersom du treng turkart, får du kjøpt det av helselaget for kr 30,-.
Arr. Jøsneset helselag, kontaktperson Ingeborg Westersjø mobil: 92850297.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.