Denne veka deltar fleire Jøsnesbarn på idrettskule – og har det veldig gøy.
…..her på vannsklia !!
Dette er ei veke med ulike aktivitetar dag for dag: høyr berre: padling, vannleik, fotball, Michael Jackson-dans, svømming, stjerneorientering (!), handball, sykling, førstehjelp, friluftsliv, o.a.
Det er Jøsnes-studenten Anne Hjorteland og fisterbuen Marianne Krumsvik som har planlagd og organisert idrettsveka. Dei har totalt med seg 9 vaksne instruktørar, og heile 71 barn i aldersgruppa 3.-7 klasse frå alle grender i kommunen deltar.
Både dei «utsendte» barna og instruktør Anne melder tilbake om kjekke, sosiale og aktive dagar i nydleg sommarvær.
Det er Hjelmeland Idrettslag som står som arrangør av idrettsveka, og dei har mange gode, lokale sponsorar i ryggen. M.a har dei hjelp av damene i Fister Sanitetsforening som lagar lunsj kvar dag til den aktive barneflokkken.
Finn masse fine bilder frå idrettsveka og les meir om dei kjekke aktivitetane på HJELMELAND IDRETTSLAG SI HEIMESIDE.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.