Skulebarna song på omsorgsentra


Alle elevane på Jøsneset skule var sist veke på besøk både på Årdal Omsorgsenter og på Hjelmeland Omsorgsenter for å synge, spele og lese dikt til dei eldre!!

Dette blei eit kjekt og vellykka møte på tvers av generasjonar. Mange barn kjenner gjerne ikkje til korleis dei eldre har det på eit omsorgsenter, og mange av dei eldre ser kanskje ikkje så ofte mange barn på ein gong. Så dette tiltaket må ha vore svært positivt for begge partar !!


Elevane song og spelte på ulike instrument…..her blokkfløytekvintetten.


Her er heile gjengen i aksjon

opplesing av sjølvskrivne dikt…


Elevane hadde øvd inn songar som passa for dei eldre, og slik fekk dei dradd i gong allsong.
Kjekkt var det òg at eldre Jøsnesbuar som bur på omsorgsentra møtte opp for å treffe Jøsnes-ungane.

Alle bilder: Jøsneset skule.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.