28.04.10 Damekveld på Gjil Aktivitetssenter

Damekvelden i april blir ein felles tur inn til Gjil Aktivitetssenter i Jøsenfjorden. OBS! Merk at det blir onsdag i staden for torsdag denne månaden, då det passa betre for Gjil Aktivitetssenter. Der blir det føredrag på 20 minutt, med litt om treningsmotivasjon. Så får vi omvisning på treningssenteret med opplæring av korleis apparata blir brukt. Det blir mulighet til å prøve sjølv etterpå. Etterpå får vi rundstykker og nysteikte vafler og kaffi i kafeen. Vi køyrer frå Skiftunkrossen kl. 18.30 og fyller opp bilane. Pga maten er det påmelding til Ingeborg på tlf 92850297 innan mondag 26.04.10. Vi tar også kr 60,- for køyring og mat. Helselaget sponsar resten.

Så då håper me alle spreke Jøsnesdamer blir med på ein kjekk og sosial tur til Jøsenfjorden!

Hilsen helselaget.

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.