23.05.10 HARDHAUSEN og 3-NUTSTUR

 
1.Pinsedag søndag den 23. mai 2010, går årets 3-nutstur og Hardhausen av stabelen på Jøsneset.
 
Velkommen til årets toppturkonkurranse: ein flott tur mellom fjord og himmel midt i hjarta av Ryfylke !!!
Oversiktskart finn du HER.
 
Stiane er merka og skilta i terrenget.
Detaljkart finn du HER, og dette blir òg utlevert ved start. 

Start og tidtaking frå «Kalvagaren» ved Fosstemmen mellom kl 9.00-11.00
«Kalvagaren» er òg målområde og dermed «basen». Her kan du leggje frå deg klær og grillmat.
Me held fyr i grillane, så dei er klar for grilliing når du kjem tilbake att.

Her er det ikkje om å gjere å gå fortast – men å treffe den hemmelege idealtida !!
 
3-nutstur vil seie at du skal innom Gunlanuten 829, Valafjell 713 og Røssenibben 719 på tidtaking. Den som kjem nærast den hemmelege idealtida, vinn konkurransen.

Er du skikkeleg Hardhaus prøver du deg og på den 4.de toppen; Norda Høgaste 690. Dei 4 toppane har òg ei eiga hemmeleg idealtid, så her blir «Hardhausen» kåra.

Fin Jøsnesprodusert premie til vinnarane – og deltakarpremie til ALLE !!

Slik kjem du deg hit:

Via RV13 til Nesvik, eller via ferje frå Hjelmeland el Ombo til Nesvik.

Frå Nesvik kjører du 5-10 min anten til:
– Foss: følg så skogsvegen opp til START-området v/Fosstemmen
– Åsland: følg sti opp til START-området v/Fosstemmen.
Frå Åsland kan du følgje guide kl 08.30.
Gåturen frå Foss/Åsland til startområdet tar +/- 40 min, alt etter form og tempo.

Dersom du syns turen opp til Fosstemmen er tur nok i seg sjølv; kan du gjerne kose deg her resten av dagen; her finn du den fantastisk flotte «gapahuken» som me kallar «KALVAGAREN».

Det blir bål og varme på grillen heile dagen.

For dei minste er det NATURSTI med premiering !!
Ta deg gjerne årets friskaste vårbad i Fosstemmen – så ta med badeklær !!

Har du spørsmål om arrangementet??
Ta kontakt med Ingeborg Westersjø helselaget@josneset.no eller Anne Hjorteland ungdomslaget@josneset.no. eller ring/SMS Svanhild H Gbada 97 00 76 36.

Vinnarpremie klar til å starte 09 deltakarpremie

Arrangør: Jøsneset helselag og Jøsneset ungdomslag.

 Utsikt frå Norda Høgaste – rett ned mot Erfjord.


….og her utsikt utover Nedstrandsfjorden, og Haugalandet i bakgrunnen.


«Kalvagaren» ved Fosstemmen er start/mål-område.

Alle foto: Svanhild H Gbada.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.