Folk har vore svært flittige til å bruke turpostane på Jøsneset i påsken. Kanskje folk var lei av snø, og heller valde å gå tur i terrenget som endeleg var blitt snøfritt Helselaget har fått tips om at Håvehammar hadde 122 besøk frå palmelørdag til 2. påskedag!
Vidare har Brynå hatt 100 besøk i løpet av påsken! Dette er kjempebra, og vil seie at folk er flittige med turgåing med alle helsegevinstar det har!
Det er nok desse to postane som er mest besøkt i løpet av året også. Dersom du lurer på kvar postane er, kan du sjå kart og beskriving av turane under «Turstiar» til venstre i menyen.
Andre merka løyper med postkasse og turbok er: Fosstemmen, Nesdalsfjell, Tausanibbå, Gunlanuten, Valafjell og Røssenibben. (Norda Høgaste vil få postkasse og turbok ca i mai).
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.