Takk for bidrag til Fasteaksjonen

Denne veka gjekk dei 6 konfirmantane i bygda rundt frå hus til hus med bøsser: innsamling til Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon. Det var Helga Havnerås som kooridinerte innsamlinga og som frakta bøssene vidare. Ho fortel at dei samla inn kr 5 666,- her på Jøsneset. Og konfirmantane fortel at dei blei tatt godt imot hjå folk. Så ein isande kald dag til trass: dei fekk varm velkomst! Takk til alle som bidrog.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.