08.05.10 Gratis vafler! Markering av 100 årsjubileum NFF

Gratis vafler vert utdelt for å feire Nasjonalforeningen for folkehelsen sin 100 års dag i Norge. Dette skal markeres over hele landet lørdag den 08.05.10. Også på Jøsneset!

 

I den forbindelse har alle helselag fått utdelt ei sunn oppskrift på vafler. Det vil bli delt ut gratis vaffelhjerter over hele landet! Dette er lagt samtidig med årets hjerteaksjon og på Jøsneset har vi valgt å legge opp dagen noko anleis enn dei førre åra. Då har me hatt bøsseaksjon i løpet av ei helg. Så har vi hatt hjertemarsj saman med barnehage, skule og eldretreff ein vekedag på dagtid. I år blir dagen omtrent slik:

Kl. 12.00: Hjertemarsj med startkontingent kr 30,- for et hjertelodd. Vi vel å selge meir hjertelodd i staden for å gå med bøssa i år. Ein vel mellom to trasèar for hjertemarsjen, anten «nullen» eller Brynå.

Pins, frukt og vatn vil bli delt ut når deltakarane kjem tilbake frå hjertemarsjen. Som før blir det loddtrekning av premiar blant deltakarane.

Så er det kafé i Trivselståvå med gratis vaflar til alleSmile  Vi lagar også glutenfrie vafler.

Her vil det bli halde eit innlegg om Nasjonalforeningen og feiringa av 100 årsjubileumet. Mange flotte brosjyrar vert lagt fram i trivselståvå, og det er berre å forsyne seg av desse.  

Vi håper flest mogleg set av lørdag 08.05.10. Då set vi fokus på hjertesaka, går ein hjertemarsj saman og et sunne vaflar for å feire 100 års jubileumet til Nasjonalforeningen for folkehelse!

Vel møttSmile Helsing Jøsneset helselag.

Nasjonalforeningen for folkehelsen


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.