Påskeafta brakar det laus igjen med lokal amatørrevy «Så va det Hjort» og fest/dans.
I fjor hadde me «pause» pga scenebygging.
Men nå står scenen der blank og ny og fin med lyd og lys og det hele !!! Nå ventar me berre på deg i salen!!!
Revygjengen jobbar for at du skal få ein moro kveld i bøgdå i påsken. Alt er foreløpig veldig hemmelig, men me trur det blir både ablegøyer, film, standup, song frå tenåringar, ungdom og vaksne i skjønn forening,,,,,og på første forestilling dukkar nok KorLøye òg opp.
Revyen «Så va det Hjort» blir i år spelt heile to gonger – same forestillinga to gonger altså !!
17.00 forestillinga er open for alle !
Barnehagealder: GRATIS
Skulebarn opp til 18 år : 100,-
Vaksne: 150,-
20.00 forestillinga kombinerast med fest/dans – og er for dei over 18
PRIS Kl 20 REVY/FEST/DANS
Aldersgrense 18år: 250,-
SIRANEES THAIMAT er på plass slik at du får deg eit godt og «spicy» måltid – Trivselstova er open for «bespisning» denne kvelden – og det blir salg av thaimat etter begge forestillingane.
JOSÈ ALBERTO ROSSO spelar opp til dans frå kl 21.30 sånn ca.
Josè er onkelen til «vår» Josè, så her kan me garantere god dansemusikk !!!
PÅMELDING SMS innan langfredag kl 20.00
ANNE 41 63 10 14 el SVANHILD 97 00 76 36
oppgi navn, tal personar og kl 17 el 20.
NB om du vil sjå første revy, kan du òg kome på fest/dans
Me ønsker fastbuande, ungdommar, hyttefolk, ja, store og små påskeglade menneske….
VELKOMMEN TIL JØSNESET GYMSAL PÅSKEAFTA !!
ARRANGØR : JØSNESET UNGDOMSLAG 🙂
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.