Det ny-oppstarta Jøsenfjord- og Jøsneskoret har i kveld hatt si tredje øving. Songen ljoma så taket nesten letta.
Men kva skal «barnet» heite?
Etter lange høyringsrundar, mange namneforslag og grundige drøftingar, falt endeleg den store avgjerda i kveld:
«KOR-LØYE».
I namnet finn ein sjølve grunnpilaren, ideologien og filosofien (he he) bak prosjeket:
nemlig: å ha det løye!!
Synge i kor = ha det løye!!
……..kanskje du høyrer oss snart!!
Sjå opp for trallande budeier inni fjorden, eller lokkande seterjenter utpå neset!! Ja, for foreløpig er det kun damer som har møtt opp.
Men her er plass for fleire: insbesonders männer !!
Neste øving er tirsdag 16.mars kl 20.oo Jøsenfjorden skule
(øvingane er annakvar tirsdag, annakvar gong Jøsneset – Jøsenfjorden).
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.