02.03 Hjelmelandsnytt.no

I kjølvatnet av den nedlagde Bygdaposten såg ei ny nettside dagens lys på Hjelmeland: www.hjelmelandsnytt.no.

Tanken var eigentleg å leggje ut lokalt smånytt og aktualitetar frå Hjelmelandssamfunnet. Nå førebels fungerar sida som ein aktivitetskalender : her finn du ein temmeleg god oversikt over arrangementer og «happenings» i Hjelmeland i den næraste framtid. Og det kan du sortere bygdevis. Det er Hetland Media v/ Morten Hetland som driftar sida på frivillig basis.

For at denne kalenderen skal bli god, må folk melde frå om store og små arrangement – òg frå småbygdene.  Så husk det folkens: veit du om noko som skjer så sender du ein epost til post@hjelmelandsnytt.no og sjølvsagt òg til oss i www.josneset.no td v/ ungdomslaget@josneset.no.

www.hjelmelandsnytt.no kan frivillige lag òg få gratis annonseplass.

Me ønskjer lykke til med www.hjelmelandsnytt.no


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.