Konserten på Jøsneset fredag kveld var historisk: gruppa er gjenforent etter 20 års «pause» og lagar nå ny CD. Publikummet i salen var dei første til å høyre dei nyskrevne låtane. Dei seks karane leverte musikk på høgt nivå med vakre melodiar i flott samspel.
Salen var ikke meir enn halvfull; noko som kanskje skuldast vinterferie, ferjekøar, fredagkveld og OL ? Likevel: dei frammøtte var heldige og fekk servert kvalitetsmusikk: Dette er karar som kan jobben sin og som trass i den 20 års lange «pausen» serverer god samklang, pakka inn i lun humor og gode tekstar. Vakre, melodiøse og harmoniske songar trilla fram; her var «dei goe gamle» , men òg fleire smakebitar av heilt nyskrevne låtar som kjem ut på den nye CDn (eller «kassetten», som dei sa).
Gruppa held nå på med studio-innspeling på Sanitas i Årdal – og ta ein kikk på TV Vest neste veke, så får du eit innblikk i det arbeidet.
Stein Endresen på gitar: han er vel den som kanskje er mest kjendt for oss Hjelmelandbuar: tidlegare musikklærar på Hjelmeland skule og korpsdirigent.
Me takkar bandet for at dei kom til småbygda Jøsneset og ga oss ei flott oppleving – og ønskjer lykke til med innspelinga.
Arr Hjelmeland kulturkontor/Jøsneset Ungdomslag.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.