12.02 Vegnamn er nå vedtekne

Kommunestyret har nå vedteke vegnamn for heile kommunen, og desse vil nå bli brukt som adressenamn.

FOR JØSNESET BLEI FØLGJANDE NAMN VEDTEKNE:

Jøsnesvegen (Frå Nesvik til Knutsvik)

Foss (Frå Jøsnesvegen til Foss)

Fosså (Frå Jøsnesvegen til Fosså)

Skiftun (Frå Jøsnesvegen til Skiftun)

Åslandsvegen (Frå Jøsnesvegen til Åsland

Knutsvik (Frå Jøsnesvegen til Knutsvik)

RV13 fekk namnet Ryfylkevegen gjennom heile kommunen: dette vil då gjelde for Bastlid og Eiane.

Desse namna er dermed i tråd med Bygdarådet si uttale.


Det vil nå bli arbeidd vidare med adressering (td tildeling av husnummer) og deretter skilting i terrenget. Det er førebels uklart når dette vil skje.

Dette adresseringsarbeidet skjer over heile landet; og er eit samfunnsnyttig prosjekt; først og fremst med tanke på utrykningskjøretøy som brann, sjukebil, politi – eit logisk og lettfatteleg adresseringssystem kan faktisk redde liv! Hyggeleg er det jo òg for alle at det blir lettare å finne fram i ukjende bygdar

Smile

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.