Helselaget sin skidag på Foss 10.01.10
Flott skivær på Foss denne dagen, løypene var flotte og merka opp med granbar akkurat som på skiløp på TV. 48 ivrige vaksne og barn stilte opp for skigåing, aking, pølsegrilling og juletrekasting.
Ingeborg startar Marius som vil gå runden på tid.
Daniel i sving med juletrekasting, ei populær aktivitet som mange heiv seg med på. Denne dagen vart nemleg juletre gjenbrukt ganske mange ganger. Først til å merke løyper med, så til pynt, så til juletrekasting og til slutt til varme på bålet.
Høyrt på skidag: «Først skal juletre tennes før jul, så skal det brennes etter jul».
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.