3.juledag: Revytreff i Ståvå

Me har alt begynt å tenke på Påskerevy 2010 !!!  Det skal me få til !! Nå når me har scene og alt – dette skal bli liv!!

Me treng frivillige !! Først og fremst til å stille på scenen med någe løye, någe rørande, någe flott, någe sprøtt……
Dei utflytta Jøsnes-damene i by`n ( "Bykvigene"Kiss) er alt i sving med idèar til revyen !! Bli med på idèdugnad du òg !! Her trengst det staute Jøsnes-studar, freske bøgdakåner, snåle tenåringar – ja, her er det bruk for deg som har lyst å ha det løye !!

Bruk tida mellom surkålen og riskremen godt! Pønsk ut någe smart til Påskerevyen !!

Møt opp 3. juledag (søn 27 des) kl 19.00 i Trivselståvå!!

Jøsneset Ungdomslag and friends Tongue out

 

PS: me planlegg òg dans etter revyen – så me treng òg frivillige medarbeidarar til arrangementet – ikkje berre revyartistar, men òg "alt-mulig-personell".


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.