09.12.09 Utvida frist toppturkonkurranse

Det har ikkje kome inn mange turbøker til toppturkonkurransen til helselaget innan fristen. Vi reknar med at mange fleire har vore på Røssenibben, Gunlanuten og Tausanibbå i løpet av 2009. Hensikten med premieringa var å gi ei ekstra merksemd til dei som har vore så spreke. Helselaget "gløymde" og å minne folk på denne fristen som var 01.12.09. Vi har difor bestemt at vi vil utvide fristen for å være med i toppturkonkurransen til 31.12.09, slik at dei som har bøker liggande eller ikkje har kome så langt, skal få ei sjanse til!

 

For å vere med må du altså betale kr 50 for ei turbok (helselaget har slike bøker, men vi kan og legge nokon på MIX Naustet) som du skriv namn og datoar for når du har vore på dei tre toppane i. Boka leverer du til styret i helselaget innan 31.12.09.

Har du spørsmål, kan du ringe Jorunn på tlf 99638803.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.