Bygdarådet og Ungdomslaget inviterte sist helg alle ungdommane frå bygda mellom 18-35 år til "kafe-treff".
Heile 15 stk møtte opp – dei fleste bur i byen nå.
Kva skal til for at du skal flytte him til Jøsneset?
Kva kan me gjere for at bygda skal bli meir attraktiv for ungdom/småbarnsfamilar?
Dette var tema som blei diskutert, medan røykelaks, eggerøre og kaffekanner sveiv rundt kafè-borda.
Alle hadde synspunkt, og her er nokre av innspela:
– utleigebustad i bygda – for å "prøve-bu"
– hyppigare ferjeruter, eller aller helst: bru øve fjorden
– betre kommunikasjon mellom ferjene her og der.
– start-pakke-tilskudd frå kommunen
– reduserte kommunale gebyr for førstegongsetablerarar
– fine tomter – ikkje i felt
– sosiale arrangement t.d. konsert, revy – jf ny scene
– meir fleksibel bruk av Trivselstova
– jobbmuligheiter
Det blei òg kommentert at det skal passe for både den eine og den andre: og gjerne kan den eine vere gira på bygda, medan partneren er gira på byen. Det kan òg vere vanskeleg å få det til å klaffe med jobb for begge jf yrkesvalg.
Hm- kva gjer me med slikt??
Bygdarådet og Ungdomslaget fekk eitt og anna å bryne seg på framover.
Sikkert er at me i bygda bryr oss, og ønskjer ungdommane velkomne som framtidige Jøsnesbuar ein gong.
PS: Bygdarådet brukte ungdomsmøtet som utgangspunkt for si uttale til ny kommuneplan som dei har sendt til kommunen.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.