Berre 1 dag igjen…….

 images/JUL/Bilder/hard5s.jpg

—–til sommarens tøffaste konkurranse !!Tongue out
Sjå kart over løypa her.


Nå håper me du har formen inne, for søndag 09.08 blir det ein krevande fjelltur på Jøsneset.

images/JUL/Bilder/hard4s.jpg
images/hard1s.jpg  
images/JUL/Bilder/ros1.jpg

Påmelding og start mellom kl. 9 og 11 på Gapahuk’en på Fosstemmen. Felles avgang for dei som ikkje er kjent frå Åsland kl. 08.00.

Det er to alternativ:

3-nutsturen: Gunlanuten 829 moh, Røssenibben 715 moh og Valafjellet 713 moh. Ca 13 km variert terreng.

Hardhausen: for å kunne kalle deg ein ortlig HARDHAUS må du gå dei same nutane som ovanfor, men Norda Høgaste 690 moh på Herefjellet kjem i tillegg. Ca 18 km variert terreng.

Det er merka løyper.

Konkurransen går ut på:

To personar skal gå løypa på førehand – og den tida dei bruker blir IDEALTIDA. Den er hemmelig. Tidtakinga startar ved Fosstemmen. Den som kjem nærast denne hemmelige idealtida, vinn premien!! Det blir òg deltakarpremie til alle.

Kr 50,- i startavgift for alle som skal delta.

Ta med grillmat sjøl, det kan du setje på gapahuk’en medan du går (vi har med noen kjølebaggar). Husk å ha med drikke og klede etter forholda. Vi held grillkull og tennveske så du kan ha et grillmåltid når turen er vel gått og vi skal utrope vinnarane.

Slutt ca kl 17.00.

Arr. Jøsneset helselag og Jøsneset ungdomslag.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.