26.06 ME TRENG «LOPPER» !

Me i Ungdomslaget skal ha loppemarked, lørd 18 juli (same dag som ballbingeopninga) – og me treng lopper !

Har du noko fint og nyttig som du ikkje bruker/er lei av, og som du ønskjer å bli kvitt? Kanskje du har noko du ikkje tykkjer er "på moten" meir? Det kan vere alt mulig eigentleg, bortsett frå klær: ….pynteting, ski, skøyter, anna sportsutstyr, kjøkkenutstyr, syklar, leiker, koppar og skåler, reidskap, bøker, småmøbler, bilder, urner, ….….ja alt mogleg. Gammalt og nytt.

Det viktige er:
det må vere reint, ordentlig og ikkje meir i ustand enn det fint går an for andre å fikse det.
Dette kan vere ein fin måte for deg å få bort ting du likevel ikkje bruker: kanskje andre liker det og treng det? Så ta runden frå kjellar til loft………

(det kan hende at ein del ting ikkje blir selde på loppemarknaden, og blir ståande igjen. Me gjer merksam på at desse tinga sannsynlegvis blir leverte til renovasjonsplassen, med mindre anna blir avtalt på førehand).

Tinga kan leverast på skuleplassen laurd 11.juli mellom kl 11-13.00

Dersom denne dagen ikkje passer, så ring, så kan me avtale ein annan dag.

Dersom de treng hjelp med transport av tinga, kan me snakkast om det òg.

Kontaktperson: Svanhild Hjorteland Gbada 97 00 76 36

ME HÅPER Å FÅ INN MASSE NYTTIGE OG FINE TING

Loppemarknaden finn stad laurdag 18.juli , kombinert OPNING AV BALLBINGEN.
Då blir det både fest, mat, sport – og loppemarknad. Mange gode grunnar for å setje av laurd 18. juli i kalenderen.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.