17.06 Avslutningskveld for skulen

Onsdag 17.06 inviterer Jøsneset skule til avslutningskveld i gymsalen.

Her blir det opptreden av barna av ulikt slag; m.a kulturskule-innslag.

For første gong i historia skal dette skje oppe på ein orntlig scene !!
Endeleg får me barna opp frå golvet; så nå skal me både få sjå og høyre de orntlig!
Den nye scenen er nemleg ferdig !! Og sceneteppe, lys- og lyd-anlegg er montert – i tillegg til teleslynge i salen. Dette blir "ild-dåpen" for både scenen og resten av anlegget. Nytt høvet til å besøke skulen denne kvelden.
Rektor Rasin melder at alle i bygda er velkomne – store og små, unge og gamle.

 Elles blir det "grand-opening" av scenen laurdag 12. september med stor bygdefest – så set av dagen alt nå !!


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.