Ballbingen ferdig!

Nok eit stort dugnadsprosjekt er fullført på Jøsneset – nå BALLBINGEN !!!
images/JUL/Bilder/ball5.jpg

Arbeidet har pågått nokre veker nå – med full intensivering av arbeidet nå denne helga 8-10 mai.  Torsdagskveld og fredag ettermiddag blei steinstøvet finfordelt og komprimert – ein nøyaktig og viktig del av jobben. Laurdag blei kunstgraset rulla ut og dei tre montørane frå Kristiansand kom. Dei var flinke til å dirigere monteringsjobben; og boring, drilling og skruing gjekk unna som berre det. Men jammen var det mange skruar…….nesten som ein kjempediger IKEA-pakke var det som skulle skrus på plass. Men alt klaffa greitt og alle delene var med i pakken.  

Arbeidet pågjekk til kl 21 lørd kveld, og kl 9 søndag morgon var arbeidsgjengen på plass igjen – meir boring, drilling og skruing. Og liming ……ja, det var ein del av jobben som krevde minst 1/2 time tørt oppholdsvær – det blei jo ei utfording då bøyene stod i kø heile dagen. Men ca kl 17 var bingen klar !

Ein kjempejobb er fullført- både av dei vaksne i bygda som stilte opp 
– og ikkje minst «gutta-boys»-gjengen !
Fantastisk arbeidsinnsats ! Me er stolte av dokke !
GRATLA !

Og endelig stod den klar !
Gutta-gjengen var kun heime og heiv av seg kjeladressane og på med fotballskoa !
For ein energi!
Kjempegøy å teste anlegget !!


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.