Anten er Jøsnesbuen lite ivrige på tipping via Norsk Tipping, eller så har de ikkje oppdaga den unike moglegheita ein nå kan støtte frivillige lag på – utan å sjølv tape noko!
Både Jøsneset Helselag og Jøsneset Ungdomslag er registrert som GRASROTMOTTAKARAR.
Men hittil har me ikkje mottatt dei svimlande summar:
– Jøsneset Helselag, 1 registert givar , har hittil mottatt kr 80,-
– Jøsneset Ungdomslag, 2 registrerte givarar, har hittil mottatt kr 150,-
(Til samanlikning har Hjelmeland Idrettslag 43 giverar, og har hittil mottatt kr 2 960,- Fantastisk ! )
GRASROTANDELEN er altså 5 % av tippesummen som ein kan velje å gi til eit frivillig lag som står registrert. Me er altså begge registrert !
Det er veldig enkelt å bli givar: SJÅ BERRE HER !
Du kan registrere deg som givar både via SMS, www.norsk-tipping.no, via mobilspill eller via din kommisjonær.
Dette går altså IKKJE på bekostning verken av din innsats eller din ev premie – det er kun ein kjempepositiv måte å støttte ditt lokale lag på !! Gå inn på www.norsk-tipping.no – der finn du massevis av informasjon !!
Viser òg til skriv som Helselaget har sendt ut i postkassane.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.