25.03 Ingen påskerevy i år, men…

Me har fått spørsmål frå ein del: blir det ingen påkerevy i år ??

Og svaret er nei – desverre blir det ikkje det ! 

Men me har ein god grunn ! Det pågår byggearbeid i/ved gymsalen – me byggjer scene !!

Så her skal det nok bli mei sprett og sprell i åra framoverLaughing. Førebels får me leva på minnene frå i fjor……og når scenen er ferdig blir det stor åpningsfest (nok inkludert nokre revysprell), men det skjer nok ikkje før i begynnelsen på september.

Nett nå pågår byggearbeidet, og "scene-gruppa" jobbar med innhentig av prisar og planlegging av  lyd- og lysanlegg og rigg/scenetepper. Alt går førebels etter planen. M.a. har me fått inn fleire tusen i "kronerullinga" til sceneteppet: me er imponert !! Meir info om scenesaken følgjer undervegs utover våren.

Ungdomslaget har kun eit lite – men òg triveleg – arrangement denne påsken:

Påskeafta kl 15.30 inviterer me til "MIMRE-KAFÈ" :
då får du sjansen til å høyre mange gode historier frå Ungdomslaget si lange og spanande historie! 
Meir info om dette kjem !

Jøsneset Ungdomslag


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.