Primus motor i BANANA BODDES, Thomas T, har sendt oss eit pressebilete for å vise at øvingane til Ungdommens Kulturmønsring (UKM) pågår for fullt.
2/3 av «Banana Boddes» øver her intenst til UKM.
Thomas presiserer i pressemeldinga at dei her ikkje har på seg dei rette kostymene…..på scenen blir det FK-kjeladress, SPA-tøfler, fengande hattar og pluss pluss.
Heller ikkje no slepp dei ut info om innhaldet i stand-up-innslaget, men etter det nett-redaksjonen har grunn til å tru, vil innslaget vare i omtrent 6 min ……og mr Jonas skal visstnok vere «MANAGEREN».
Me reknar òg med at det er manageren som er fotografen her, for det er vel heller tvilsomt at papparazzifotografane har funne vegen til hønshuset til Rasin alt !
Følg med: UKM, Sand Kulturhus 15 feb.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.