HAU, HAU !!… alle snille Jøsnes-barn !!!
Me nissar har det ganske travelt nå før jul; og jobbar og står på for å bli ferdige te jul. Men: når det er FULLMÅNEKVELD; då tar me ofte turen ned frå Gunlanuten Nisseland for å sjå koss dokke har det nere i Jøsnes-bøgdå. Og nå på fredag den 12. i 12. , då er det faktisk FULLMÅNEKVELD.
Ska me treffast då ??
Alle barn: kom te Skiftun-krossen fred 12.12. klåkkå 18.00, så kan dokke jo sjå om dokke finne oss nissane !!
Me e jo litt sjenerte, så me våga kje komma heilt ned i lyset. Men viss dokke leite litt, så finne dokke oss nok oppi liå ein plass.
Me drive å bake nå, på nissebakeriet ; så det kan jo henda me får med oss någe ny-bakst så dokke kan få smaka på. Og så liga me kjempegodt gløgg, så me håbe me får smaga det av dokke !
Me nissar syns det er kjempefint å vara ude når det er fullmåne i desember!! Tenk den flotte stjernehimmelen! Men det kan òg vera kaldt; så ta på dokke gode, varme klær. Og så lige jo me nissane godt når dokke òg har på dokke nisseluer……då blir me jo nesten som ein stor, orntlig nisse-familie!
Du kan godt ta med lykt – og gjerne mor/far eller ei aen god vaksen-hand å halde i.
Et tips for å finna oss: eit bål !! Men kor er det ???
Helsing to Nisse-gubbar frå Gunlanuten !!
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.