02.11. Seks hjortar på eit kvarter !!

Nei, det er ikkje aprilsnarr !!! Og heller ikkje ei grov jaktskrøne !! Det er faktisk tilfellet:
6 hjortar blei felt på eit kvarters tid i heia på Jøsneset i dag.
images/JUL/Bilder/hjorts.jpg

Det var 4 stk frå jaktlaget frå Skiftun-gardane som møtte på ein stor hjorteflokk då dei kom opp til Krokastemmen i dag formiddag. Flokken trakk oppover mot Valafjellet, og jaktlaget delte lag, og fòr etter.

I området mellom Valafjellet og Gunlaknaggen møtte to av jegrane hjortane att, medan dei andre to jaga resten av flokken oppover, og pang…pang….pang…pang….pang….pang… –  i.l.a 10-15 minutt var 6 av de skutt!!
Det var faktisk(!) enda fleire hjort i området; men då var kvoten nådd…….Smileog laget må vel kanskje òg seie seg meir enn vel nøgde med dagens fangst!

Det er vel slike opplevingar som får ordtaket "to fluer i ein smekk" til å bleikne !!!

ME GRATULERAR JEGRANE !

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.