Hausten er over oss med vakre fargar og flott vær – og det er jaktsesong både på elg, hjort, rådyr og småvilt.
Hjort: det mest populære på Jøsneset ser ut til å vere jakt på hjort. I fjor blei det tildelt løyve på 50 hjortedyr , og heile 45 blei felt her på Jøsneset; ein fellingsprosent på heile 90 % ! For kommunen totalt blei det felt 104 hjort; så det betyr at nesten halvparten av all hjort i kommunen i fjor, blei felt her på Jøsneset. I år er det òg tildelt 50 dyr – så det blir spennande å sjå kor stor fellingsprosent det blir i år. Hjortejakta varer frå 10.09 til 15.11.
Elg: i fjor blei det tildelt eitt elg-løyve på Jøsneset. Men elgen fekk visst sprada lykkeleg vidare, for i følge rapporteringssystemet ble det felt 0 stk elg her i fjor. Men det er ny sjanse for i år – då er det òg tildelt løyve på ein elg. Totalt for kommunen ser det annaleis ut: det blei i fjor felt 20 elg av totalt 47 løyver. Elgjakta varer frå 10.09 til 15.11.
Rådyr: Rådyrstammen er vesentleg større. I fjor blei det tildelt heile 53 dyr – men kun 8 dyr blei rapportert inn (2 Skiftun, 3 Knutsvik og 3 Foss). Rapporteringssystemet for rådyr er litt annleis enn for hjort og elg, og difor er nok eigentleg fellingsprosenten vesentleg høgare enn det som kjem fram av statistikken (gjeld generelt). I år er det òg tildelt 53 rådyr. Rådyrjakta varer frå 25.09 og heilt fram til litla julafta 23.12.
Me ønskjer alle Jøsnes-jegrar lykke til med årets jakt. Men hugs å vere varsame !! Hausten er ei draumetid òg for turgåarar, soppsankarar, haustferieturistar og andre – så det kan vere mange som ferdast på tur i skog og hei nå.
Fine jakt-bilder mottas med takk !
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.