Det var eit kjempebra vær på årets Frukt- og laksefest i Vågen på Hjelmeland. Standen til Jøsneset synte godt att og hadde fått ei fin plassering nede på kaien, og fekk masse besøk frå folk frå land og strand.
Den godslege kjendiskokken Frode Aga stakk òg innom Jøsnes-standen for ein liten mat-prat. Han var som vanleg i godt lune og tok seg god tid til prat om fårikål og andre villsauprodukter. Dei lokale produsentane fekk seld godt med produkter (honning, eplesaft, skinn, tomater, fårikål mm) – og fekk mange bestillingar på varer utover hausten. Vellykka i så måte ! Standen var pynta med 120 solsikker; og dei blei òg selde alle som ein (om enn til litt redusert pris på slutten). Til og med bøtta med georginer rauk ut på slutten !
Kaffikroken med gratis kaffi og vatn som helselaget sto for, delte ut mellom 400 og 500 koppar kaffi og vatn i løpet av dagen.
Silje og Øyvind solgte ut fårikålen sin før dagen var slutt.
Jøsneset gjekk ikkje av seieren som beste stand. Men ingen grunn til å sippe for det. Førsteprisen gjekk til Aksel Hansson, og den standen var det jammen to blide Jøsnes-damer som styrte med; Me gratulerar Berit Skiftun og Eldbjørg Tednes med ein stilfull stand
Og som om det ikkje var nok. Jammen dukka det opp ei fresk Jøsnes-dame på scenen òg : Bente Tednes ( ja, ja, som rett nok har gått hen å gifta seg og busett seg med ein Jøsenfjord-kar – likevel; for oss forblir ho nok Jøsnes-dame ei god stund til). Ho var å finne på scenen i lag med Hjelmeland storband, der ho song to vakre låtar.
Saman med Jøsnes-standen fant me òg Mikals Laks, ved Astrid Fossaa Viga og Mikal Viga. Sal av røykelagks gjekk unna som berre det; ikkje rart de smilte bredt begge to……….
Ja, du lurer kanskje framleis kva Jøsneskorga vog ? Den vog 11 kg og 980 gram. Den heldige vinnaren var …….ja, nettopp Ole Geir Åsland – eks-Jøsnesbu, nå busett på Tau. Han tippa 12 kg og 070 gram, og var dermed nærast av alle. Den som kom på 2.plass tippa kun 6 gram meir, så her var det hårfin konkurranse. Korga er sendt over til Ole Geir, som sikkert kosar seg med masse fine Jøsnesprodukt: alt frå tørrfisk til auberginer !
Ein flott dag til endes: og ei varm takk til alle frivillige som stilte opp for å marknadsføre bygda !! WELL DONE !
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.