Mix-kjeden har jamnlege, landsomfattande kampanjesalg-konkurransar, og dagleg leiar, Cesilie Waaland, melder Naustet av og til på dette. I vår var dei med på dette to gonger; mars og mai månad. Det var då om å gjere å vere best av alle Mix-butikkar i å selge mest av månadens kampanjetilbod; som då var cola eine månaden og pølser den andre månaden.
Og jammen slo Mixn Naustet på Nesvik til med seier begge gongane!!! Og dermed vant dei to middelhavscruise-bilettar !! Dei har nå hatt loddtrekning blandt dei tilsette om bilettane. Dei to heldige vinnarane reiser første helga i september til Adriaterhavet saman med innehavarane Cesilie Waaland og Jarle Langvik (som pent betalar bilettane sjølve).
Cesilie seier slike konkurransar er ein positiv motivasjonsfaktor for dei tilsette – og dei vant fordi dei tilsette stod på for å auke salet. Så turen er ærleg fortent!
Me gratulerar Naustet, og ønskjer alle fire ..…eit flott og avslappande cruise på luksusskipet MSC Opera !!
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.