Lørd 16 aug: Aktivitetsdag i Skiftustranda

Lørd 16 aug kl 14.00 arrangerer Ungdomslaget AKTIVITETSDAG for store og små, unge og gamle i Skiftunstranda.

Det blir 5 ulike konkurransar og desse foregår både til lands og delvis til vanns – så ta med klær etter forholda.
Her blir det beinhard kamp om den gjeve vandrepokalen "årets kvige" og "årets stut" og alle barn som deltek får deltakarpremie.

Så møt opp – dette kan bli både spanande og moro……og kanskje nokon blir litt våte ??
– pytt pytt, det er jo sommar! 🙂

Deltakarane blir delt inn i tre aldersgrupper:
1.Barnehage-alder: blir delt opp i lag, 2 el 3 aktivitetar, premie til alle.
2.Små- og storskule-alder: individuell deltaking, 5 aktivitetar, premie til alle
3.Vaksne, dvs f.o.m ungdomsskuletrinn (født 95 el før), dame og herre-klasse, individuell deltaking, vandrepokal.

CA PROGRAM FOR DAGEN:

14.00                      Samling i stranda, info om aktivitetane
14.10                      Bånn gass med 5-kamp-aktivitetar   –   viktig at heiagjengen òg deltek !
ca 15.45.                MAT-ØKT og DRØS
                              Det blir salg av grill-pølser, brus, kaker og kaffe frå kjelen !
ca 16.30                 Premieutdeling !!!

Me satser på at været blir knallbra, så ta med campingstol, madrass, badeklær, ev klesbytte og elles det som måtte passe til ein dag på stranda.

ME ØNSKJER ALLE VELKOMNE TIL EIN SOSIAL OG MORO DAG PÅ STRANDA !!

Arr : JØSNESET UNGDOMSLAG

(Dersom det er øspøs og vind, så flyttar me opp til skuleplassen/Ståvå)

 

  

 

 

  

 

 

 

 

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.