01.08.08 Barnefamilie på jakt etter bustad/tomt

Ein barnefamilie har kontakta Hjelmeland kommune – dei er på jakt etter både jobb, bustad/tomt – for dei ønskjer å etablere seg her i kommunen.  Kanskje me har noko ledig på Jøsneset ????

Familien er mor,far, to små barn og tredjemann på veg. Dei er opprinneleg frå Rogaland. Dei har budd nordpå, og ønskjer nå å flytta på "himslege" trakter.  Er det ledig bustad på Jøsneset? Kan du hjelpe dei med ei tomt? Eller kanskje tipse dei om jobb?

Ta kontakt med Vegard Thise i Hjelmeland kommune, 51 75 70 13 / 917 24 880 eller e-post vegard.thise@hjelmeland.kommune.no

Les meir om dette på Hjelmeland kommune si heimeside.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.