«Eldretreffen» på tur til Strand 13 mai

"Eldretreffen" har hatt koselege samlingar med middag, kaffe og drøs i Trivselstova kvar 14 dag heile vinteren. Nå er det pause for sommaren, og dette markerer dei med ein felles tur i lag. Turen er organisert i privatbilar og går først til "Ryfylkebyen" Jørpeland. Her blir det sett av tid til handling, ein tur på kafè eller det folk måtte ønske.
Deretter går turen vidare til Lysefjordsenteret. Der er det bestilt middag, dessert og kaffe. Det blir god tid til å nyte både middagen og det flotte landskapet rundt senteret. 

Det er hyggeleg om enda fleire har lyst å bli med:

gi ev beskjed til Olga Hjorteland 51751947 el 47601962, så blir det sørga for mat til alle !


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.