Onsdag 23 april var siste gongen med Barneklubb for denne sesongen. Annakvar onsdag har Ungdomslaget i vinter hatt "Klubb" for alle barna i bygda. Her har me drive på med allslags frå bollebaking og toving, til fuglekassesnekring og filmframvisning. Eigentleg skulle sesongen avlsuttast med å henge opp fuglekassane i skogen. Men ettersom alle fekk med seg kassane heim kvar til seg sist gong, så blei det grilling og kos i Skiftun-stranda i staden. Og dette klaffa akkurat på ein av dei finaste aprildagane. 60 pølser glei ned i høgt tempo – og deretter var det full fart med flyndrejakt i bekken, leik i sanden og første forsmak på "badelivet" – brrrr ! Det blei ein del våte sokkar og bukser av det til slutt, ja !
Det blei ei koseleg ettermiddagsstund – og spørsmålet er om me kanskje burde flytte jonsok-feiringa til april i staden ? – då er det iallefall sjanse for SOL !
Me takkar alle barna for godt samarbeid gjennom alle vinterens klubb-kveldar, og håpar på nye samlingar til hausten !
Arr: Jøsneset Ungdomslag.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.