Skumringa seig inn over den julekortkledde bygda, månen steig opp på den vinterblåe himmelen, kulda trakk ned gjennom dalen til minus 6 grader….men likevel 6 småtrippande, badekledde Jøsnesbuar hakka hol i isflaket på Kogekjellå – klar for bading !! Flott, mjukt iskaldt snødekke på land – og klar for 1.5 grad i ånå !! Svanhild på Foss var første kvinne uti, og stod ferdigbada med kvit morgenkåpe og vinterstøvletter når resten av badegjengen dukka litt forsinka opp.
Sven plaskar avgårde med bestemte steg – mot hoppesteinen sin !
Sven er klar til bombe-hoppet og vinkar til dei skuelystne jegrane på bruå, medan Tania kakkar hol på isflaka for å kome ut i kulpen
Trener på synkronsvømming !!! Minst to elementære feil her:
1) synkronsvømming gjer seg best med fleire og 2) for mykje plasking!
Me må intensivere treninga på sakte, langstrakte, elegante beinløft nedenfrå og opp! Fleire synkronsvømmerar søkes !!!
Yess!! Grunn til å juble over dagen, kulda og livet i kulpen.
Status: 6 stk bada: Svanhild H, Tania, Kristiane, Sven, Ingeborg og Svanhild HG…..som betyr at Foss òg denne gongen gjekk av med seieren.
Møt opp neste lørdag! Då blir det servert varm julegrøt og me får besøk av ein slags Nisse-mann….??..me lurer på om han har Nisse-bade-drakten på??
Foto: Ingeborg Westersjø og Svanhild Hjorteland
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.