Påskeafta var gymsalen på Jøsneset stappa til randen av folk – store og små, ungdom og eldre, bygdefolk og byfolk ! Og det braka i veg – for 2. gong i historia -med revy på Jøsneset. Så nå er tradisjonen skapt !! Fram på scenen trilla de, den eine etter den andre: dei glade amatørars boltreplass ! Aldri før har du vel sett Jøsneskarane slå seg laus i berre bleier? Og ante du at me hadde slike boblande talenter her i bygda? Her var lite hemningar, men mykje sjølironi, humør og glød.
7 av storskuleguttane (og ein ungdomsskulegutt) i bygda slo òg til med to eigenkomponerte nummer. Sprekt gjort guttar !! Elles bestod revygjengen av ei god blanding av pendlande ungdom og fastbuande bygdefolk. Det aller meste av det som blei vist på scene var heilt eigenprodusert stoff. Ingen tvil om at bygda treng eigen scene – for her gror både skrive- og speletalenta opp !
Etter revyen ble det fest for alle dei vaksne. "Vår eigen" Josè Altamirano drog til med piano og sang, og skapte både stemning og fart i salen. BRAVO JOSÈ ! Jøsnesbuen trødde dansefoten som aldri før, så utpå kvelden blei det ekte KALVEDANS !
Arrangøren vil gjerne TAKKE ALLE som har bidratt med frivillig arbeid for å få til påskefesten!! Det krev mykje samarbeid og innsats; alt frå scenesnekring, planlegging, servering, rydding og vasking osv osv. Men arrangementet ga Ungdomslaget eit fint overskot, og dette vil garantert "gå tilbake" til bygda i ein eller annan form….td til teknisk utstyr til den permanente scenen.
Arr. Jøsneset Ungdomslag.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.