TORSDAG 13.03.2008, kl 19.00
I TRIVSELSTOVA.
SAKLISTE:
1.Godkjenning av innkalling og sakliste
2.Årsmelding og rekneskap for 2007
3.Jøsneset Bedehus; rekneskap og årsmelding for 2007
4. Valnemda har førespurd og innstilt følgjande på val:
Oddbjørn Fossaa – attval leiar
Berit Skiftun Hjorteland, nytt styremedlem
Silje Sværen, nytt styremedlem
Kåre Hansen, attval varamedlem
Sven Westersjø, attval varamedlem
Solveig Bog Bouzane: nytt medlem i valnemda
(Svanhild går ut av valnemda, Rasin blir sitjande 1 år til og Lars Reidar 2 år til).
—-
Helga Havnerås og Terje Bremnes var ikkje på val, så dei sit i styret eitt år til.
Øyvind Oaland går ut etter 6 år, Solveig Bog Bouzane går ut etter 4 år.
5. Eventuelt: saker som de ynskjer å ta opp på årsmøtet må meldast til leiaren Oddbjørn Fossaa, tlf 51 75 18 14, seinast sju (7) dagar før møtet.
Det blir servert god kaffi og herlege kaker. Alle er hjarteleg velkomne !!
Årsmeldinga for 2007
{mospagebreak}
ÅRSMELDING FOR 2007
JØSNESET BYGDARÅD
På årsmøtet 12.02.2007 blei det gjort følgjande val:
Styret: Leiar: Oddbjørn Fossaa. Attvalde: Øyvind Oaland og Solveig Bog Bouzane. Nye medlemmer: Helga Havnerås og Terje Bremnes.
Varamedlemmer: Kåre Hansen og Sven Westersjø (begge attvalde).
Valnemda: Lars Reidar Nesvik (ny) Svanhild Hjorteland Gbada og Rasin Tjeltveit. Lars Bog gjekk ut av valnemda.
På første styremøte konstituerte styret seg slik:
Leiar: Oddbjørn Fossaa
Nestleiar/ Innkjøpssjef : Terje Bremnes
Sekretær: Solveig Bog Bouzane
Kasserar: Øyvind Oaland
Trivselperson : Helga Havnerås
ÅRET 2007:
– Ryddedag: 30. april. Tradisjon tro. Rydda bygda/ kaffekos etterpå.
– Jonsok-feiringa fellesarrangement i Skiftun-vika.
– Trivselsstova: Helga Havnerås er kontaktperson for utleige av trivselsstova.
Tlf: 51 54 26 12 eller 419 21 013
– Antenneutstyr til Trivselsstova: Me fekk godkjent søknad til kommunen om ekstra midler til innkjøp av antenneutstyr til Trivseslstova. Dette er blitt bestilt, og me ventar på montering.
– Nesvik Badeplass: Ein representant frå Kommunen tok seg tid til å komme for å sjå kva utbetringar som burde gjerast på badeplassen. Me poengterte både den uferdige rampen ned til stranda, og kloakken frå hytta som har gått rett ut i moloen.
Begge deler er nå blitt retta på, og me kan endeleg legge denne saken bak oss.
– Gapahuken: Det blei høytideleg opning av Gapahuken 28.mai. Dette var eit fellesarrengement saman med Undgomslaget og Helselaget. Me hadde ein fin dag, med stort oppmøte. Det var leiker, gåveoverrekking og avduking av skiltet med namnet Kalvagaren.
– Båtplassar: Bygdarådet er saman med bla. båtforeningen godt i gang med å få til fleire båtplassar ved Nesvik molo.
– Dugnad: Det blei diskutert i bygdarådet om me vil fortsette med det tilbodet me har hatt til nå, om dugnad for alle som flyttar til bygda. Dei siste åra er det få som har nytta seg av tilbodet. Me blei likevel samde om at me vil fortsette. Og Sven Westersjø sa seg villig til å vere Dugnadssjef!
– Ballbinge: Etter initiativ frå Bygdarådet ser det ut som me skal få ein ballbinge på Jøsneset. Det blei satt ned ei lita gruppe som har jobba med dette. Terje Bremnes frå Bygdarådet, Jostein Hjorteland og Rasin Tjeltveit.
– Parkeringsplass: Me har i fleire år etterlyst betre parkeringsmoglegheitar ved skule og bedehus. Kommunen har utvida den eksisterande parkeringsplassen ved skulen, slik at den skal ha plass til tre bilar til.
– Jøsneset på nett: Endeleg har Jøsneset fått si eiga heimeside. www.josneset.no.
Det blei vedtatt at eit eksternt firma skulle ta seg av oppføringa av sida. Norsk Plan As. Det har vore ein representant frå kvart av dei tre laga Bygdarådet, Helselaget og Ungdomslaget som har jobba med korleis sidene skal sjå ut. (Særleg har Svanhild Hjorteland Gbada frå Ungdomslaget stått på!!)
Like før jul blei sidene endeleg lagt ut slik at alle nå kan gå inn og sjå.
Framleis er det ein del som må fyllast ut på sidene, men me ventar på at Norsk Plan skal videreføre ansvaret for sidene til oss.
– 2007 var året då me fekk vår flotte heimeside, og kom godt i gang med å få oss ein ballbinge. Me håper at både nettsida og ballbingen kan vere med på å skape trivsel og at me kan bli ei enda sterkare bygd!
Solveig Emelie Bog Bouzane, sekretær. Februar 2008
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.