Barneklubb våren 2008

Jøsneset Ungdomslag ønskjer alle barna i bygda velkomne til diverse aktiviteter i vår òg.  ”Basen” blir i Trivselstova. Opplegget er samordna med barnetrimmen, annakvar onsdag (minus vinterferie/påske)

 

Nytt for storskule/ungdomsskule-gruppa er at dei sjølv skal vere med å ta ansvar for opplegget (me hadde det ein gong før jul, der Joachim og Thomas hadde ansvar – og det gjekk fint…..så då prøver me det vidare).   Difor er det ikkje sett opp aktivitet for dei – det er opp til dei to som har ansvar å avgjere.  Det er alltid ein vaksen med i tillegg, og saman har desse ansvar for rydding etterpå.

 

ONSDAG

BARNEHAGE/SMÅSKULE
17.30 – 19.00

STORSKULE/
UNGDOMSSKULE
19.00 -20.15

16 jan

Film
Sidan storskulegjengen fekk sjå film ein kveld før jul, er det dei mindre sin tur denne gongen.
Ansvar: Anne

 

Det blir ingenting for denne gruppa denne gongen.

30 jan

"Bolleonsdag" – me ladar opp til fastelavenshelga med bollebaking.
Felles bolle-eting saman med dei store kl 18.30 -19.00
Ansvar: Anne og Svanhild

Dei store blir invitert til boller kl 18.30-19.00 – deretter eige opplegg. Aktivitet:?
Ansvar: Jonas og Marius
Vaksen: Brahim

13 feb

Fantasi med fargar og papir
Ansvar: Anne/Svanhild
Ha klær som tåler litt søl

Aktivitet: ?
Ansvar: Jone og Eirik
Vaksen: Svanhild

05 mars

Lage kort
o.l av papira frå sist + påskepynt
Ansvar: Kjellfrid og Anne
Ha klær som tåler litt søl

Aktivitet:?
Ansvar: Leif Yngve, Andrea og Sondre
Vaksen: Kjellfrid

26 mars

Toving
Ansvar: Silje, Anne, Cesilie

Aktivitet: ?
Ansvar: Lars Osmund og Trond
Vaksen: Jarle.

09 april

 

Snekre fuglekassar – heile gruppa i lag.
Ansvar: Anne, Øyvind og Svanhild
Alle tar med hammar og sag.

23 april

 

Ut i skogen for å henge opp fuglekassane. Deretter blir det felles vår-avslutning med mat og drikke………(og kanskje eit bål). Ansvar: Svanhild, Anne m.fl.

Dei minste bør alltid ha ein vaksen med. Og igjen: dei andre foreldrene er òg velkomne

PS: dersom dagen du er satt opp på ikkje passar – byttar de innbyrdes el finn ein ”vikar”

Spørsmål til opplegget, ta kontakt med ungdomslaget@josneset.no 

 

 

 

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.