Årsmøte Jøsneset Ungdomslag

LAURD 01.03 KL 17.00 TRIVSELSTOVA.
(tidspunktet er satt for at vekependlande ungdom òg kan få sjanse til å møte – men alle aldersgrupper er sjølsagt velkomne)

SAKLISTE:

  • 1. Godkjenning av innkalling og sakliste
  • 2. Val av møteleiar og referent
  • 3. Årsmelding og Rekneskap for 2007 (blir lagt fram på møtet)
  • 4. Årsplan 2008: me har eit forslag klar. Meir idear og innspel om aktivitetar mottas med takk !!!
  • 5. Orientering:

– Scene til gymbygget, status, framdrift

  • 6. VAL: På årsmøtet i fjor blei det nedsett ei valnemnd, beståande av Henrik Nesvik, Unni Fossaa og Kjartan Skiftun. Desse har innstilt følgjande personar til val:

– Sven Westersjø, styremedl, ny
– Joar Rosså, varamedl, ny
– Frode Tjeltveit, varamedl, ny
– Svanhild Hjorteland Gbada, leiar (skal alltid veljast av årsmøtet), attval
Forslag ny valnemnd: dei som går ut av styret: Cesilie Wåland, Henrik Nesvik, Anita Skiftun. Elles: Lene Hjorteland, Anne Auglend , Lise Tjeltveit står ikkje på val, dei sit i styret eit år til.

  • 7. Eventuelt: saker som de ynskjer tatt opp på årsmøtet, skal vere styret i hende seinast 7 dagar før styremøtet. Kontakt: 51 75 00 91 / 97 00 76 36.

Me håpar å sjå fleire enn i fjor, så møt opp – me byr òg i år på kaffe/te og kake.

Etter årsmøtet: PIZZA, DVD, SPEL, KARAOKE ?? i Trivselstova

Hjarteleg velkomne, frå Styret Jøsneset Ungdomslag.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.