Solboller og isbading kl 16


Det er grunn til å feire siste dag i november 2013 – som blei ein stille, kald og solrik dag. Det er nettopp på dei solrike dagane på vinterhalvåret at bygda lever opp til begrepet «Solbygda» – bygda ligg bada i sol heile dagen!! Me feirar sola, livet og bygda med nybakte Solboller og varm te for alle som møter opp til isbading i «Kogekjellå» på Foss kl 16.00

Me har nemleg fått melding frå mostrene i Krogane: badekulpen i ånå på Foss har eit lokalt namn: KOGEKJELLÅ !!
Så då feirar me det òg med boller og helseisbading! 

Siste dag i november 2013 – ein solrik og vakker dag over Ombofjorden


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.