Eg har blitt spurt av J.U.L om å ha ansvar for trim/trening for vaksne (frå ung.skulealder) utover våren. Det kan eg godt ha dersom det møter opp litt folk.
Ser føre meg at me møtes i gymsalen klokka 20.00 dei tysdagane ungane har trim (sjå datoar nedst på arket).
Kor lenge me held på får me finna ut av i lag, men ein god
time må nok til.
Tenkjer å dela økta i to der me har ei fast styrketreningsøkt i omlag ein halvtime, for så å spela ballspel resten av tida.
Datoar: 22.01, 05.02, 11.03, 01.04, 26.02, 15.04, 29.04
Ta fram grilldressen å møt opp!
Ola Skiftun
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.