07.01.08 Klar for ny Kalva-revy ??

Du fekk vel med deg ”Kalvaspretten” i fjor påske? Ja, dei uhøgtidelege Jøsnes”kalvane” som spratt rundt om på scenen i viltre vårsprell ? Når de har hatt mot å entra scenen ein gong, kan ein kanskje klara det igjen ?!? Og vips, så har me det me kallar ein tradisjon.

Men då trengs det frivillige !!
Som du kanskje hugsar, så treng du verken gedigent skodespelartalent, flott songstemme eller Hollywood-look ! Her kjem ein kjempelangt med godt humør, litt sjølvironi, samarbeidsvilje og pågangsmot. Og viss du i tillegg har lyst å ha det jyseligt løye, så er nettopp du midt i målgruppa ! Dette er de glade amatørars møteplass – på tvers av aldersgrenser, kjønn, stilling og stand.

Me treng både skrivarar, musikarar, skodespelarar, scenebyggjerar og teknikarar……..(ja, sist gjorde jo dei fleste det meste av dette), så her er der plass for alle og einkvar.

Første treff og idèmyldring på Trivselstova laurd 26. jan kl 15.30.
Møt opp – eller meld frå til Lene 97 76 17 30 el Svanhild 97 00 76 36 viss du har lyst å bli med, men ikkje kan møte den dagen.

Påskefest !
I samband med revyen, hadde det vore skoi å fått til fest etterpå i år òg. Dersom me skal få til det, er me heilt avhengige av frivillige til å vere i fest-komitèen – same dagen + dagen etterpå! Det blir noko jobb, men òg mykje gøy! Meld frå til Lene 97 76 17 30 el Svanhild 97 00 76 36.

Arr Jøsneset Ungdomslag


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.