Håvehammar i ny prakt


Håvehammar er vår mest besøkte turpost på Jøsneset – eit svært populært turmål for store og små. Hittil har den markerte fjellknausen vore nokså overgrodd av braje (einer), som hindra både utsikt og ferdsel utanom stiane.  Men nå har gardbrukar Sven vore ute med saga; og alt av braje-kratt er rydda vekk. Naturen og utsikten opnar seg opp til ei flott landskapsoppleving.


Stien er nå open, lettgådd og tydeleg i terrenget , turposten og benken i bakgrunnen


Her frå turposten; sett vestover mot Bandåsen .

Ja, har du lyst å sjå meir av dette nye «vidunderet», er det berre å ta turen opp !!! Merka sti frå Foss, frå Tonå, frå Asheim og frå Åsland….ja, du veit «alle vegar førar til Rom» Wink


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.